Årdal kommune

Vi har ein visjon om at Årdal kommune skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i!

Bygda er i endring. Me er og har vore ei industribygd, men treng nye og fleire bærekraftige arbeidsplassar. Det vert arbeida aktivt for å få dette til. Svært positivt er det at Norsun (sol-industri) har etablert seg i bygdi med ein ny og topp moderne fabrikk. Kommunen har ca. 5477 innbyggjarar fordelt på tettstadene Øvre Årdal og Årdalstangen. Årdal ligg der Sognefjorden kryp på land – ved inngangen til Utladalen og Jotunheimen.

Kommunen har svært gode vilkår for friluftsliv og gode offentlege tilbod som vidaregåande skule, full barnehagedekning, nyrenoverte skular, idrettshallar, kunstgrasbaner, friluftsbad og musikk-og kulturskule.. I tillegg kan kommunen reklamere for rimelege bustadtomter for den som ynskjer byggje hus.

Årdal kommune er ein stor arbeidsplass med ca 570 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på ca 355 mill.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår: www.ardal.kommune.no

Det er for tiden ingen ledige stillinger