Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus  i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Teamleiar kundesenter

Me har ledig 100% fast stilling som Teamleiar kundesenter hjå Flåm AS

Vårt kundesenter har fokus på gode holdningar og høg grad av kundeservice. 

Me søker difor etter ein motivert og engasjert person, som likar å jobbe i eit hektisk miljø. Du er strukturert og i stand til å jobbe sjølvstendig, og vil vera vårt ansikt utad til kunder og gjester.

Du som søkar må ha ei profesjonell haldning, gode kvalifikasjonar, vera kundeorientert og ha erfaring frå å leie team. Det vert forventa at du meistrar utfordringar og er ein del av det daglege arbeidet på avdelinga.
Du vil få relevant opplæring og me tilbyr ein spanande stilling i ei næring i sterk vekst. Her vil du  få moglegheit til å påverke eigen karriere og utvikling.
Det er ein fordel om du ynskjer å etablere deg i Flåm.

Arbeidsoppgåver vil vera:
Leie team, salg og kundeservice, booking og informasjon via telefon, e-post over disk og støtte til avdelingsleiar.

Du må beherske norsk og engelsk som språk.

Løn og tilsetting etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Om du ynskjer videre informasjon rundt stillinga, ver venleg å ta kontakt Erica Edmundson på telefon +47 940 01 087.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.