Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar

Teknisk sjef/driftsleiar

Som teknisk sjef/driftsleiar vil du ha det overordna ansvaret for å leia teknisk avdeling og sørge for at den daglege drifta er i samsvar med vedtekne strategiar og mål for Flåm AS.

Flåm AS er i sterk vekst og me har behov for ein dedikert person som kan fylgje opp den daglege drifta og vedlikehald av alle våre bygg. 

Arbeidsoppgåver:

  • Personalansvar
  • Etablere og drifte ein framtidsretta avdeling med høg fagleg kompetanse og nødvendige servicefunksjonar
  • Budsjett og resultatansvar
  • Ansvar for drift, vedlikehald og implementering av vedtekne strategiar for alle bygg i Flåm AS
  • Forvalte innkjøps- og serviceavtaler
  • Dokumentasjon og styring ved hjelp av nettbaserte løysingar
  • I avdelinga inngår fagområda:
    • Dagleg drift og vedlikehald (inne og uteområder)
    • Brannvernleiing
    • Helse-, Miljø og Sikkerheit (HMS)

Om deg:

  • Erfaring frå leiing
  • Du er god på relasjonsbygging og evne til samarbeid
  • Du må kunne jobbe strukturert og målretta
  • Du har utdanning innan tekniske fag
  • Du har god framstillingsevne, skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
  • Du har gode IT-kunnskapar

 Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i ei næring i sterk vekst. Her vil du vil få moglegheit til å påverke eigen karriere og utvikling. 

Løn etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Arbeidsstad: Flåm

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.