Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus  i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Salssjef / key account internasjonale marked

100% fast stilling 

Me søker etter deg som ynskjer utfordringar i ei næring i sterk vekst. Her vil du vil få moglegheit til å påverke eigen karriere og utvikling. 

Me har behov for fleire medarbeidarar i vår salsavdeling og søker salssjef/key account internasjonale marked.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for sal i bestemte geografiske marked, inklusiv budsjett- og resultatansvar.
  • Ansvar for tildelt kundeportefølje
  • Planlegge og gjennomføre salsfremmande tiltak
  • Følge opp og gjennomføre forhandlingar med våre kundar
  • Gjennomføre sal og bygge relasjonar mot kundar
  • Vere med å bidra til eit framtidsretta salsteam
  • Pådrivar for digitalisering av tenester
  • Fylgje opp og vidareutvikle interne rutinar for salsavdelinga

Kvalifikasjonar:

  • Høgre utdanning, og/eller relevant erfaring innan sal, marknadsføring, reiseliv
  • God økonomisk forståing og erfaring med budsjettering og rekneskap
  • Erfaring frå B2B sal og teambygging
  • Erfaring frå forhandlingar med kundar
  • Gode språkkunnskapar og framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Norsk, engelsk og eventuelt andre framandspråk.

 Om deg:

  • Kunne jobbe nøyaktig, strukturert og målretta
  • Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg, både engelsk og norsk ev andre framandspråk
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, flink til å opne dører og oppnå kontakt med kundar
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Gode IT-kunnskapar, spesielt i Excel

 

Løn etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Arbeidsstad: Flåm

Søknadsfrist: 30. juni 2017

For spørsmål kring stillinga ta kontakt med Stig Johnny Buvik, leiar sal B2B – 90761912 eller Nils Asbjørn Lie, HR – 90510709

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.