Høyanger kommune

Lege - sak 16/893

Høyanger helsesenter har 5 unge kommunelegar som held til i nye tidsmessige lokalar midt i Høyanger sentrum. Helsesenteret har og utekontor i Bjordal og Lavik. Kontoret har 3 helsesekretærar, sjukepleiar og laboratorium med bioingeniør. Vi har moderne IKT-system og har eit godt arbeidsmiljø med gode tilbakemeldingar frå turnuslegar og studentar.

Vi har ledig stilling frå mars 2017- individuell avtale med mogeleg kommunal deltidsstillling.

Hovudfunksjonar vil vere:

  • Allmennpraksis i fastlegeordning
  • Høyanger er med i interkommunalt legevaktsamarbeid med 8 andre kommunar, og med felles legevakt i Førde kveld/natt/helg og høgtidsdagar.
  • Må pårekna arbeid på utekontor på Høyanger sørside og Lavik
  • Kommunale oppgåver er fleksible
  • Søkjarar må ha førarkort kl. B.

Vi kan tilby:

  • Basisgodtgjersle samsvar med antall pasientar på legen si liste for individuell avtale. For kommunal tilsetting konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
  • Leige av lokale, hjelpepersonell, inventar og utstyr m.m. Leiga er f.t. lik basisgodtgjersla.
  • Nye tidsmessige kontorlokale saman med dei andre kommunelegane.
  • Moderne IKT utstyr. Vi nyttar InfoDoc
  • Høve til å leige nyoppussa kommunal bustad (einebustad eller rekkehus)


Søknadsfrist: 25.01.2017

Søknad sendes elektronisk via "Send søknad" knapp nederst på denne siden. Søknad merkast med sak 16/893

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.