Høyanger kommune

Prosjektingeniør - sak nr 17/8

Tenesteområde plan og utvikling er organisert i to einingar, plan og forvaltning og drift og vedlikehald. Vi er totalt ca. 50 engasjerte medarbeidarar innanfor mange ulike fagområde. I personalgruppa inngår sivilingeniør/ ingeniørar, naturforvaltar, samfunns- og naturgeografar, sivilagronom, jurist, fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. Om lag 15 av oss har arbeidsstad i moderne kontorlokale i det nyleg renoverte Høyanger rådhus.

Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utviklingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg å arbeide i samansette tverrfaglege team. Vi ynskjer å styrke kompetansenivået innan prosjektgjennomføring og prosjektleiing og har ledig 100% stilling som prosjektingeniør.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere prosjektleiing og prosjektoppfølging, men andre oppgåver kan bli tillagt stillinga over tid.

Kvalifikasjonar:

Du er sivilingeniør, bygningsingeniør eller tilsvarande og kan dokumentere både leiarerfaring og erfaring frå prosjektleiing/gjennomføring.

Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Kjennskap til sakshandsaming i offentleg sektor er ein føremon.

Personlege eigenskapar:

Du er engasjert og motivert og er god på å planlegge både på kort og lang sikt. Du kan arbeide sjølvstendig og systematisk og har gode samarbeidsevner.

Vi kan tilby:

Løn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsvilkår. Kommunen er hjelpsam med å skaffe kommunal bustad.

Kontaktpersonar:

Dersom du ynskjer fleire opplysningar ta gjerne kontakt med assisterande rådmann Kjell Ese på tlf 918 19 910 eller personalsjef Arnvid Hovland, tlf. 992 06 457.

Elektronisk søknad via "Send søknad" knapp nederst på siden -  merk søknad sak nr 17/8.

Søknadsfrist: 25.01.2017

                  

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.