Stiftinga musea i Sogn og Fjordane

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane, har følgjande hovudavdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernstein-senter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og har til saman omlag 50 tilsette.

DRIFTS- OG EIGEDOMSSJEF

Det er no ledig fast stilling som DRIFTS- OG EIGEDOMSSJEF ved hovudkontoret  på Sandane i Gloppen kommune

Drifts- og eigedomssjef har det driftstekniske koordinerings-ansvaret for bygg og anlegg, koordinering og styring av større vedlikehaldsprosjekt, drift av felles internkontroll/HMT system og  rådgjevar for direktør  og fellesressurs for avdelingane.

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Byggteknisk utdanning frå høgskule eller teknisk fagskule 
  • Relevant praksis innan prosjektleiing bygg og anlegg
  • Målretta og strukturert med gode samarbeidseigenskapar
  • Gode datakunnskap og interesse for museum og kulturvern

Arbeidet er variert og vi lovar eit triveleg arbeidsmiljø.

Stillinga inngår i direktøren sin stab.

Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum. God tenestepensjon.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til direktør Inge Bent Arnestad, tlf. 959 72 144.

Søknader med CV skal sendast til
Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
eller post@misf.museum.no innan 7. april 2017.

Merk søknad med «Drifts- og eigedomssjef»

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.