Stiftinga musea i Sogn og Fjordane

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane, har følgjande hovudavdelingar: DHS-Sogn Folkemuseum, Sunnfjord Museum,  Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernstein-senter  og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og har omlag 50 tilsette. 

FORMIDLINGSLEIAR

Det er no ledig fast stilling som: formidlingsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø.

Vi søkjer etter ein engasjert og omgjengleg person til å utvikle og leie formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet, med hovudvekt på ulike skuletilbod, arrangement og utstillingar. Formidlingsleiaren vil ha nært samarbeid med formidlarane ved dei andre museumsavdelingane.

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan pedagogiske og/eller museums-relevante fag
  • Relevant undervisningspraksis og gjerne museumserfaring
  • Gode data- og språkkunnskapar
  • Erfaring med heimeside og sosiale media

Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeids-periodar, og må rekne med noko reising til skular i regionen.

Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum. God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tel. 958 01 708
Sjå elles www.misf.museum.no.

Søknad med CV sendast til
Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
eller til post@misf.museum.no innan 04. juni 2017. Søknad merkast «Formidlingsleiar ved Kystmuseet»

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.