Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri-og stiftelsestilsynet er et statlig organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet forvalter det norske lotterimarkedet, og kontrollerer statlige pengespill. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for 7200 norske stiftelser. I tillegg har Lotteri-og stiftelsestilsynet ansvar for ordningen med kompensasjon av merverdiavgift til det frivillige Norge. Tilsynet holdertil i Førde, og har i dag til sammen ca. 70 ansatte. For mer info, se www.lottstift.no

Er du jurist og vil bidra til eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge?

Lotteritilsynet sitt samfunnsoppdrag er å førebygge speleproblem og bidra til å redusere negative konsekvensar av pengespel. I Norge er det kun Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel. Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel, er ei viktig oppgåve for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge.

Til eit eitt års vikariat (med moglegheit for fast tilsetting) søkjer vi etter ein jurist som vil vere med å oppnå samfunnsoppdraget vårt. Du vil få spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • tilsyn, sakshandsaming, informasjon og rettleiing etter lotterilova, pengespellova og totalisatorlova
  • avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel
  • oppfølging av spørsmål og tips
  • utgreiingsoppgåver og regelverksarbeid

Kvalifikasjonar

  • krav om juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap
  • ønskjeleg med erfaring frå juridisk arbeid innan offentleg forvatning og/eller erfaring frå statleg tilsynsverksemd
  • ønskjeleg med kjennskap til EU/EØS-rett og gode engelskkunnskapar

Utdanningsretning

  • Juridiske fag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet, Hovudfag/Mastergrad

Personlege eigenskapar

  • arbeide sjølvstendig og strukturert
  • gode evner til samarbeid
  • god formidlingsevne både munnleg og skriftleg
  • fagleg engasjement og initativ

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • nytt og moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift 

Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har seks månaders prøvetid

Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo:

Avdelingsdirektør, Linda Vøllestad Westbye tlf.; (+47) 976 72 504
Seniorrådgjevar, Monica Kjelsnes tlf.: (+47) 992 84 313

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.