Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Seksjonsleiar for open omsorg

Vi har no ledig stilling som seksjonsleiar for open omsorg i Naustdal kommune.  Seksjonen omfattar heimesjukepleien og heimehjelp.

Seksjonsleiar arbeider i nær dialog med rådmannsnivået.

Naustdal kommune søkjer etter løysingsfokuserte leiarar som kan vere med å byggje ut tenesta med fleire tilsette og utforme nye omsorgsbustader.

Arbeidsoppgåver:

Seksjonsleiar vil få følgjande hovedansvarsområder:

  • Ansvar for planlegging og dagleg drift samt oppfølging og utvikling av fagområda innan seksjonen.
  • Syte for at seksjonen vert driven i samsvar med politiske og administrative prioriteringar.
  • Samhandling med andre einingar intern og eksternt
  • Dagleg personalleiing
  • Økonomiansvar

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Søkjarar bør ha tilleggsutdanning i administrasjon og leiing.
  • Erfaring frå helse og omsorgssektoren.
  • God kjennskap til offentleg sektor
  • God samhandlingskompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Ein handlingsorientert leiar som er dyktig til å motivere og gjere andre gode.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Utfordrande leiarstilling i eit aktivt og spennande arbeidsmiljø.
  • Leiaravtale med konkurransedyktige vilkår/løn.
  • God pensjonsordning.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Kontaktinfo:

  • Rådmann Øyvind Bang-Olsen, tlf. 415 30 111
  • Kommunalsjef Rolf Kalland, tlf. 976 53 805

Søknad med vedlegg av CV kan sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Søknadsfrist: 3. februar 2017

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.