Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Årsvikariat som rektor/seksjonsleiar ved Vevring skule

Ved Vevring skule er det no ledig eit årsvikariat som rektor/seksjonsleiar for skuleåret 2017/18.

Vevring skule er lokalisert mellom fjord og fjell i ei kulturbygd og omfattar 1. – 4. klasse med 15 elevar. Vevring skule er ein Olweus skule, med fokus på trivsel, leik og læring. Dyktige medarbeidarar i skule, SFO og barnehage jobbar for at barna skal kjenne seg trygg og få utvikle seg positivt i takt med sin eigen alder. Rektor har i dag 45,5  % administrasjon skule, 5 % leiing SFO og 9 % leiing barnehage. Undervisningsdelen  utgjer 40,5 %.

Rektor/seksjonsleiar arbeider i nær dialog med rådmannsnivået.

Naustdal kommune søkjer etter løysingsfokuserte leiarar.

Arbeidsoppgåver:

Rektor/seksjonsleiar vil få følgjande hovedansvarsområder:

  • Ansvar for fagleg utvikling, planlegging, koordinering og oppfølging av fagområda innan seksjonen.
  • Syte for at seksjonen vert driven i samsvar med politiske og administrative prioriteringar.
  • Personalansvar
  • Informasjonsansvar internt og eksternt
  • konomiansvar
  • leiing
  • Undervisning

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning i samsvar med lovkrav
  • nskjeleg med tilleggsutdanning i administrasjon og leiing eller rektorskule.
  • Ha undervisningskompetanse og leiarerfaring/utdanning, fortrinnsvis frå fådelt skule.
  • God kjennskap til offentleg sektor
  • God samhandlingskompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Ein handlingsorientert leiar som er dyktig til å motivere og gjere andre gode.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Utfordrande leiarstilling i eit aktivt og spennande arbeidsmiljø.
  • Leiaravtale med konkurransedyktige vilkår/løn.
  • God pensjonsordning.
  • Godt heim-skulesamarbeid i eit aktivt lokalmiljø.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Kontaktinfo:

  • Rådmann Øyvind Bang-Olsen, tlf. 41530111

Søknad med vedlegg av CV kan sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal. Søknadsfrist: 7. april 2017

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.