Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Heimetenestene for funksjonshemma

Heimetenestene for funksjonshemma yter tenester til personar med psykisk og fysisk fungsjonshemming i alle aldra. Under tenesten er praktisk bistand, heimesjukepleie og heimehelp. Vi har også avlastning, botrening og aktivitetsenter.   

  • VERNEPLEIAR 100 % fast stilling frå 01.09.2017
  • VERNEPLEIAR 100 % årsvikariat frå 26. juni 2017
  • OMSORGSARBEIDAR 100 % fast stilling frå 14. august 2017
  • OMSORGSARBEIDAR   50 % fast stilling frå 14. august 2017

Heimetenestene for funksjonshemma har frå 01.09.2017 ledig 100% fast stilling og 100 % årsvikariat for vernepleiar frå 26.06.17. Stillingane er i tredelt turnus, med arbeid 3. kvar helg. Stillinga kan bli tillagt ansvar som teamleiar.

Kvalifikasjonskrav:

Autorisasjon som vernepleiar vil bli føretrekt, anna helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning vil bli vurdert.

Heimetenestene for funksjonshemma har frå 14.08.17 ledig 100% og 50 % fast stilling som omsorgsarbeidar. Stillingane er i tredelt turnus, med arbeid 3. kvar helg.

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev innan helse- og sosialfag.
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemma.
  • Gode norskkunnskapar både muntleg og skriftleg.
  • For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
  • Søkjar må ha førarkort.
  • Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
  • Søkjar må oppgje minst 2 referansar.

 

Nærare opplysningar om stillinga vert gjeve av seksjonsleiar Anita Sunnarvik, tlf 95 02 59 20.

Søknad med CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Naustdal kommune, postboks 43, 6806 Naustdal eller på epost til .

Søknadsfrist: 27. mai 2017.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.