Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Barnevernkonsulent

Barneverntenesta har ledig 100 % fast stilling som barnevernkonsulent frå 01.10.17.

Stillinga er tillagt sakshandsaming etter Lov om barneverntenester. Barneverntenesta samarbeider med Forandringsfabrikken og Barnevernproffane i metodeutviklinga «Mitt Liv», med ambisjonsnivå 3.

Kvalifikasjonskrav:

Minimum 3-årig høgskuleutdanning som barnevernspedagog eller sosionom.
Ønskjeleg med erfaring frå barnevernsarbeid.

Det vert vektlagt personleg eignaheit, som relasjonskompetanse, samarbeidsevne, evne til å motivere for endring, arbeidskapasitet, skriftleg og munnleg framstillingsevne samt barnevernfaglege vurderingar.

Søkjar må ha førarkort.

Det vert kravt politiattest av den som vert tilsett.

Vi kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med fokus på tverrfagleg og samordna tenestetilbod til barn og unge i kommunen.

Nærare opplysningar om stillinga vert gjeve av barnevernleiar Monica Loen- Grov, telefon 45879169.

For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Søknad med CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6 , 6817 Naustdal. Eller på epost til:  

Søknadsfrist 28 august 2017

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.