Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Ledig vikariat som spansklærar ved Naustdal barne- og ungdomsskule frå 16.10.17 til 31.07.18

Naustdal barne- og ungdomsskule (http://nbuskule.no/) er ein 1-10 skule med SFO-avdeling. Det er i overkant av 360 elevar ved skulen, med to parallellar på dei fleste trinn. Skulen ligg i Naustdal sentrum og hausten 2017 flytta vi inne i ferdig renovert skulebygg med alle elevar og SFO.

Barn som trivast lærer – barn som leikar lærer er Naustdal kommune sitt hovudmål for oppvekstområdet. Naustdal barne- og ungdomsskule sin logo speglar det same verdigrunnlaget. Våre kjerneverdiar er:  God læring og glede, tryggleik, trivsel og venskap.

Vi legg vekt på å utvikle ei felles pedagogisk plattform som alle tilsette er forplikta til å følgje opp i fellesskap. Vi søker deg med god fagleg kompetanse og som har engasjement for å utvikle eit godt skulemiljø, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.

Vil du vere med å utvikle skulen vår til stadig å bli betre?

Skulen sin spansklærar går ut i fødselspermisjon 16.10.17, og då treng vi vikar i faget språkleg fordjuping – spansk for ei gruppe på ti elevar i 10. klasse ut skuleåret. Faget er organisert i to økter, ei økt måndag (kl. 13.40-14.40) og ei økt torsdag (8.55-9.55).

For stillinga gjeld tilsetjing etter lov og avtaleverk. Politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing, jfr. Opplæringslova § 10-9, saman med fråsegn om tuberkulose & MRSA skjema.

Opplys følgjande i søknaden:

  • CV og referansar med kontaktinformasjon
  • kontaktinformasjon (telefon og e-post)

Send søknaden på e-post til: postmottak@naustdal.kommune.no

Rettkjende attestar og vitnemål kan og sendast til Naustdal kommune, postboks 43, 6817 Naustdal og merkast «Lærarstillingar». Desse vert ikkje returnerte etter tilsetjing.

Søknadsfrist: 23. september 2017.

For meir informasjon ta kontakt med rektor Gunn Marit Haugsbø: Tlf. 57 81 63 00 eller mobil 45 61 01 09,
E-post:

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.