Norad

Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid - gir faglege råd på det utviklingspolitiske området til Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane, støtter arbeidet med å kvalitetssikre utviklingssamarbeidet, forvaltar tilskotsordningar på utviklingsfeltet, gjennomfører uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådd. Norad er ein fagetat som er administrativt underlagd Utanriksdepartementet. Norad har i tillegg ansvar for oppfølging av delar av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ, og er i desse sakene underlagt Klima- og miljødepartementet.

Evalueringsavdelinga planlegg og gjennomfører uavhengige evalueringar av aktivitetar finansiert over det norske bistandsbudsjettet. Aktivitetane omfattar både langsiktig utviklingssamarbeid og humanitær bistand. Evalueringsarbeidet blir vanlegvis utført av eksterne konsulentar.

Rådgivar/seniorrådgivar - Evalueringsavdelinga

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å initiere og organisere evalueringar og studiar, blant anna gjennom å utarbeide mandat, kvalitetssikre evalueringsrapportar og formidle resultat

  • Evalueringsfagleg rådgiving overfor andre avdelingar i Utanriksdepartementet, Norad og ambassadane

  • Andre oppgåver etter avtale

  • Noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

 

  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning på minimum masternivå

  • God kjennskap til samfunnsvitskapelege metodar og/eller evalueringsmetodar

  • Fleire års relevant fagleg erfaring både innan evaluering/analyseverksemd og internasjonalt arbeid

  • Erfaring frå prosjektleiing

  • God munnleg og skriftleg evne til å formulere seg på norsk og engelsk

Vi ser etter deg som

  • er initiativrik, resultatorientert og har stor gjennomføringsevne
  • evner å prioritere, jobbe effektivt, strukturert og analytisk
  • evner å arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan bygge gode relasjonar internt og eksternt
  • er serviceinnstilt og omgjengeleg

Hos oss får du

 

  • bidra til det overordna målet om berekraftig utvikling i ei verd utan fattigdom
  • mulegheit til å arbeide med utfordrande og spennande oppgåver innanfor eit politisk prioritert område
  • bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • mulegheiter til fagleg utvikling gjennom dagleg arbeid og opplæring
  • internasjonalt nettverk innanfor fagområdet

Tilsettinga er midlertidig, med varigheit til 31. desember 2017. Stillinga blir lønna i stillingskode 1434 rådgivar, i lønnstrinn 50 - 65 (432 700 - 567 100) eller i stillingskode 1364 seniorrådgivar lønnstrinn 60 - 80 (512 700 - 790 100). Innplassering skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring.

Norad er opptatt av mangfald, bl.a. med omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn, og oppmoder alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Elektronisk kopi av vitnemål, og attestar skal leggast ved søknaden.

Nærmare opplysningar om stillinga får du hos avdelingsdirektør Per Øyvind Bastøe tlf. 97 68 28 99. Ved spørsmål om prosessen kontakt seniorrådgiver i Personalseksjonen Kjell Arne Klingen, tlf. 23 98 02 54.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.