Norad

Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid - arbeider for bærekraftig utvikling i ein verden utan fattigdom. Dette gjer vi gjennom fagleg rådgiving på det utviklingspolitiske området til Utanriksdepartementet og utanriksstasjonene, ved kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, forvalting av tilskotsordningar på utviklingsfeltet, samt ved å sørge for uavhengige evalueringar, og kommunisere om utviklingssamarbeidet og dei resultata som blir oppnådde. Norad er ein fagetat administrativt underlagt Utanriksdepartementet. Norad har ansvar for oppfølging av delar av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ, og er i desse sakene underlagt Klima- og miljødepartementet.

Seksjon for forskning, innovasjon og høyere utdanning er Norads ressurs- og kompetansesenter for støtte til forsking og høgare utdanning over bistandsbudsjettet. Seksjonen yter fagleg rådgiving til Utanriksdepartementet og utanriksstasjoner, forvaltar og kvalitetssikrar midlar til norske og internasjonale institusjonar, skapar faglege møteplassar og nettverk, og formidlar resultat. Seksjonen har ansvar for Noregs program for kapasitetsbygging innan høgare utdanning og forsking for utvikling som du kan lese meir om her (NORHED).

Seniorrådgivar - Seksjon for forsking, innovasjon og høgare utdanning

Sentrale arbeidsoppgåver er

  • rådgiving innan forsking, innovasjon og høgare utdanning retta mot Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane
  • forvalting av stønad til forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utviklingsland, samt oppfølging og rapportering
  • fagleg samarbeid og dialog med internasjonale organisasjonar innan forsking, innovasjon og høgare utdanning
  • representere Norad i ulike fora nasjonalt og internasjonalt
  • reiseverksemd må medreknast
  • andre oppgåver kan bli lagt til

Vi ser etter desse kvalifikasjonane

  • fullført relevant utdanning på master-/hovudfagsnivå. Doktorgrad og/eller forskingserfaring er ønskeleg
  • god kjennskap til relevant internasjonalt arbeid med forsking og høgare utdanning
  • erfaring med mål- og resultatstyring er ønskeleg
  • erfaring frå utviklingssamarbeid og utviklingsland er ønskeleg
  • erfaring fra forskingsforvalting, bistandsforvalting eller anna offentleg forvalting er ønskeleg
  • gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

Vi ser etter deg som

  • er fagleg engasjert, effektiv og fleksibel
  • arbeider effektivt, både sjølvstendig og i team
  • er samarbeidsorientert og omgjengeleg
  • er systematisk, analytisk og resultatorientert
  • gjerne tek initiativ
  • kan formidle bodskap og representere Norad på ein god måte i eksterne miljø, både nasjonalt og internasjonalt

Du får

  • eit engasjerende og stimulerande arbeidsmiljø
  • moglegheit for utvikling og læring gjennom utfordrende arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gunstig pensjonsordning og moglegheit for lån
  • tilrettelegging ved behov da vi er IA-organisasjon

Stillinga er midlertidig tom 31.08.2018. Stillinga blir lønna i stillingskode seniorrådgivar 1364, lønnstrinn 60-80 (kr 512 300 - 789 700). Innplassering skjer på bakgrunn av søkars kompetanse og erfaring.

Norad er opptatt av mangfald, med tanke på kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk og nasjonal bakgrunn, og vil oppmode alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Nærmare opplysningar om stillinga får du hos underdirektør, Kårstein Måseide, tlf. 466 80 069. Har du spørsmål rundt prosessen kan du kontakte rådgivar ved Personalseksjonen i Norad, Lene Tjøtta, tlf. 23980291/ 41126835

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.