Norad

Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid - gir faglege råd på det utviklingspolitiske området til Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane, støtter arbeidet med å kvalitetssikre utviklingssamarbeidet, forvaltar tilskotsordningar på utviklingsfeltet, gjennomfører uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådd. Norad er ein fagetat som er administrativt underlagd Utanriksdepartementet. Norad har i tillegg ansvar for oppfølging av delar av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ, og er i desse sakene underlagt Klima- og miljødepartementet.

Norge har utvikla eit regime for petroleumsforvaltning som har skapt grunnlag for ei bærekraftig økonomisk vekst og fordeling. Det er stor interesse for denne erfaringen, og petroleumsrelatert bistand har vært eit prioritert innsatsområde i norsk bistand i flere år. Olje for utvikling (Ofu) blei etablert i 2005 med basis i den norske erfaringen. Programmet bistår samarbeidsland med å etablera statleg ressursforvaltning som skal bidra til at inntektene skal kunne komme heile befolkninga til gode. Innhaldet i programmet er delt i fem hovedkomponentar: ressurs-, miljø-, inntekts- og sikkerheitsforvaltning, og styrking av sivilsamfunnet.

Sekretariatet for Olje for utvikling (Ofu) er lagt til Avdeling for økonomisk utvikling, likestilling og styresett i Norad, og har 15 ansatte. Sekretariatet er ansvarleg for strategiutvikling, planlegging og etablering av nye landprogram, samt overordna koordinering og bistandsfagleg kvalitetssikring av Ofu-programmet

Seniorrådgivar - Olje for Utvikling

Arbeidsoppgåver:

Som seniorrådgiver vil du ha:

  • ansvar for koordinering av eitt eller fleire landprogram i Olje for utvikling
  • løpande kontakt med dei norske institusjonane som deltek i programmet
  • ansvar for koordinering, rådgjeving og kvalitetssikring knytta til bistandsfaglege spørsmål innan petroleumssektoren, med hovedvekt på ressurskomponenten
  • tett samarbeid med aktuelle ambassader i planlegging og gjennomføring av landprogram
  • saksbehandlar ansvar for innkjøps- og kontraktarbeid ved anskaffelser av eksterne tjenester
  • utstrakt kontakt med norske og internasjonale aktørar, herunder multinasjonale organisasjoner og andre givare
  • reise må påregnes
  • andre oppgaver kan leggas til stillinga ved behov

Kvalifikasjoner:

For å lykkas i stillinga som seniorrådgivar i Olje for utvikling ser me etter nokon med:

  • høgare økonomisk, teknisk eller samfunnsvitenskapeleg utdanning på masternivå
  • erfaring frå oljeindustrien eller norsk petroleumsforvaltning
  • erfaring frå internasjonalt arbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • interesse for utviklingsspørsmål og petroleumsrelatert bistand tillegges vekt

Personlege eigenskap:

Me ser etter ein medarbeider med:

  • stor arbeidskapasitet, gode analytiske evner og engasjement
  • evne til å arbeide selvstendig og i team
  • gode samhandlings- og kommunikasjonsevner
  • evne til å formidle kunnskap i internasjonale og nasjonale miljøer, samt å representere Norad og Ofu-programmet på ein god måte i ulike fora

Tilsettinga er fast. Stillinga blir lønna i stillingskode 1364 seniorrådgivar lønnstrinn 60 - 80 (512 700 - 790 100). Innplassering skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring.

Norad er opptatt av mangfald, bl.a. med omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn, og oppmoder alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Elektronisk kopi av vitnemål, og attestar skal leggast ved søknaden.

Nærmare opplysningar om stillinga får du hos avdelingsdirektør Petter Stigset tlf. 95 24 40 84. Ved spørsmål om prosessen kontakt rådgiver i Personalseksjonen Lene Tjøtta, tlf. 41 12 68 35

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.