Austrheim Kommune

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Økonomi- og personalsjef

Nøkkelstilling for utvikling av menneskelege og økonomiske ressursar i kommunen:

Pådrivar for at systema for økonomi- og personalstyring fungerer i praksis, slik at ressursane organisasjonen rår over blir brukt til best moglege tenester for folk i Austrheim. Rolla krev både evne til å skape gode system, og til å samhandle med leiarar på både strategisk, og operativt nivå. Økonomi- og personalsjef leiar ei kompetent faggruppe innanfor økonomi, skatt, personal.

Vi ser etter: Ein fagleg sterk leiar med gode resultat. Økonomikompetanse på masternivå eller tilsvarande realkompetanse. Gode analytiske eigenskaper. Innsikt i mål- og resultatstyring. God til å formidle resultat og strategiar for vidare utvikling. Kjennskap/erfaring med lover/avtalar i arbeidslivet.

Ansvarsområde:

  • Overordna styring av økonomi- og personalressursane i tett samspel med kommunalsjefane
  • Fagansvarleg for mål- og resultatstyring i organisasjonen
  • Systemansvar for HMS
  • Systemansvar for Kostra-rapportering og evaluering / analyse på kommunenivå
  • Ansvarleg for det politisk oppnemnde Administrasjonsutvalet
  • Ansvarleg for det administrativt oppretta AMU

Søknadsfrist 24.10.2019. Søknad vert levert digitalt gjennom rekrutteringsportalen på heimesida til Austrheim kommune

Informasjon om stillinga

For ytterlegare informasjon om stillinga kan du kontakte rådmann Liv Wigdis Løvvik (mobil 906 22 932) eller konsulent Ole Georg Hoaas (Bedre organisasjon), mobil 99 56 80 44.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

 

Kontaktpersoner:
Liv Løvvik
Liv.Lovvik@Austrheim.kommune.no
+4790622932

 

  • Ole Georg Hoaas
    99568044

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.