Austrheim Kommune

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land.
Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Equinor Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Det er for tiden ingen ledige stillinger