Ecura Bo og Habilitering, region Vest

Ecura Bo og Habilitering  AS. Avdeling Hafslotun.

ECURA står for Endringer, Cura (omsorg), Utvikling, Respekt, Ansvarlig, dette er de verdiene vi har og lar prege vår virksomhet.

 Ecura  Bo og Habilitering leverer heldøgns bo- og omsorgstjenester for personer med ulike utfordringer som profitterer på tilpassede bo- og miljøbehandlingstilbud.

Vi leverer kortitids- og langtids tjenester. Veiledning-, hjemmesykepleie-,, vikar- og bemanningsløsninger i hele Norge.

 

Me søker miljøterapeutar 100%, miljøarbeidarar og nattevakter på Hafslotun, samt vikarar i Indre Sogn

Me søker miljøterapeutar 100%, miljøarbeidarar og nattevakter på Hafslotun, samt vikarar i Indre Sogn

Hafslotun er ein avdeling i Ecura Bo og Habilitering AS, region Vest, og har i dag 14 heildøgnsplassar. Hafslotun yter tenester til menneske frå fleire deler av Norge.

På Hafslotun gir me individuelt tilrettelagt miljøbehandling til menneske med ulike utfordringar. Meistringsopplevingar i kontekst av personen sine mogelegheiter står sentralt hjå oss.

Som miljøterapeut vil du arbeida i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.

Me søker deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonane dine:

  • Vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Personar med anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning vert også oppmoda om å søka.
  • Vidareutdanning innan psykisk helsevern, miljøterapi eller liknande er eit føremonn.
  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • Kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande.
  • Erfaring frå arbeid med menneske i krevjande fasar i livet.
  • Komplementære ferdigheiter innan friluftsliv, idrett, musikk, handverk etc.
  • Førarkort klasse B.


Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
  • Ansvarsbevisst.
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
  • Av oppdraga si art oppfordrast menn til å søke.

 Me tilbyr:

  • Svært godt arbeidsmiljø i avdeling i rask utvikling.
  • 100% faste stillingar (miljøterapeutar i medlevarturnus). 
  • 78,87% i langvakter turnus ( 12 timars vakter).
  • 65,73% i Langvaktturnus (10 timars vakter).
  • 52,53% Nattevakter (miljøarbeidarar i 8 timars vakter).
  • Eigne opplærings- og rettleiingsprogram.
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte kollegaar.
  • Medlevarturnus (rytme 2på,3av,2på,2av,3på,9av).
  • Langvakt og nattevakter i same rytme.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Gode mogelegheiter for personleg utvikling.

Me krev godkjend politiattest i henhold til gjeldande lovverk. Dei som vert tilsett må etterleva Ecura sine verdigrunnlag i arbeidet og har eit sterkt ynskje om å utgjera ein skilnad for arbeidsgjevarar, tenestemottakarar og deira pårørande.

For mer informasjon, kontakt:
Judit Søhoel og Elen Kristine Otterhjell (Hafslotun) eller Kristiane Seim (Vikarar)

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.