Ecura Bo og Habilitering, region Vest

Ecura vart etablert i 2016 gjennom oppkjøp av norske etablerte og veldrive føretak. Me leverer helse- og omsorgstenester til private og offentlege kundar. Ecura er ein av Noreg sine leiande aktørar innan privatfinansiert rusbehandling og me er ein godkjend leverandør i ei rekkje kommunar av BPA. I tillegg tilbyr me heimesjukepleie, stasjonær sjukepleie, heimehjelp og vikar- og bemanningsløysingar av helsefagpersonell i heile Noreg. Totalt sysselset me kring 1100 personar og har verksemder i store deler av landet.

Ecura Bo og Habilitering er stor tilbydar av heildøgns bu- og omsorgstenester for personar med psykiske lidingar, utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar samt rådgjevingstenester og kompetansehevande kurs innan helsefag. Med satsing på kompetanse, teknologi og innovativ tenking byggjer me Noreg sitt leiande helse- og omsorgsselskap.

Ecura søker tilkallingsvikarer til ulike avdelinger i Sogn.

Me har behov for både miljøterapeutar, miljøarbeidarar og ufaglærte.

Som tilkallingsvikar vil du får opplæring ved ulike avdelingar og bidra i etablerte team med fokus på våre grunnverdiar: Endringar, omsorg, utvikling, respekt og ansvarsbevistheit. Oppgåvene dine vil vera å bidra i teamet slik at brukarane opplev heilskapleg og forutsigbar kvardag med trygge rammer.

Me søker:

  • Miljøterapeutar med 3 årig høgskuleutdanning.
  • Miljøarbeidarar med helsefag eller anna relevante fagbrev.
  • Ufaglærte og studentar, gjerne med erfaring frå liknande arbeid.

Me tilbyr:

  • Medleverturnus eller langvakter
  • Tverrfagleg kompetansemiljø.
  • Jobb i eit konsern i rask utvikling!
  • Gode mogelegheiter for personleg utvikling.
  • Mogelegheiter for fast tilsetting

Me krev framvising av politiattest i henhold til gjeldande lovverk. Ecura utgjer ein skilnad for tenestemottakarar, deira pårørande, oppdragsgivar og kollegaene våre.

Aktuelle kandidatar  vurderes fortløpande.

Søknadsfrist: Snarast
Tiltreding: Etter avtale

Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med
Regionansvarlig Bjarni Valsson, telefon 950 41 638 eller e-post bjarni.valsson@ecura.no