Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus  i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Sal- og Bookingmedarbeider

Me har ledig 100% fast stilling som sal- og bookingmedarbeider i Bookingavdelinga ved Flåm Kundesenter.

For å styrke sal og tilfredsstille etterspørsel søkjer me no ein medarbeidar ved Kundesenteret vårt i Flåm.

Me søker ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar med kundetekke og salstalent til vårt bookingteam ved Flåm Kundesenter.

Du må like å arbeide i eit hektisk og travelt miljø, samt kunne løyse problem fortløpande der det er naudsynt. Du er strukturert, har god evne til å arbeide sjølvstendig, samt trivs i direkte kontakt med kundar og leverandørar. Gode språkkunnskapar er ein fordel, og det er eit minimum at ein kan flytande norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Erfaring frå eller kjennskap til sal- og bookingarbeid er ein fordel. Du er proaktiv og målretta i ditt arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vera:

  • Sal- og kundebehandling, gjennomføring av bookingar (t.d. charter, dagsprogram, grupper og individuelle) og deling av informasjon per telefon, e-post og chat
  • Direkte kontakt med kundar og leverandørar, og å bidra til desse får korrekt informasjon til ein kvar tid
  • Å bidra til at våre kundar får ein god oppleving og den hjelpa dei treng

Stillinga inngår i vaktlista for bookingoperasjonen i Kundesenteret, og inneberer arbeid helger og kveldstid. Tiltredelse etter avtale.

Me tilbyr konkurransedyktige lønnsvilkår og gode karriere- og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Dersom du treng vidare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Lisa Stentvedt på tlf. 57631907 eller lisa.stentvedt@visitflam.com.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.