Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. 
Samla omsetjing i selskapa er om lag 400 millionar. Det er i dag 62 heilårs tilsette i Flåm AS og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Sommarsesongen 2018

Me søkjer medarbeidarar innan sal- og booking, hotelldrift, bakeri, utsal, museum kundebehandling, kaivertar og bussvertar for sommarsesongen 2018 (april-oktober).

Me søkjer etter blide og serviceinnstilte medarbeidarar med kundetekke og salstalent. Du må like å arbeide i eit hektisk miljø, vera strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og trivs i direkte kontakt med kundar. Gode språkkunnskapar er ein fordel.

Kundesenteret i Flåm:

  • Front desk Teamleiar: Salg av tur, kundeservice og informasjonsdeling over disk, samt over telefon, chat og e-post. Kontroll av daglig drift og oppfølging av team.
  • Kundebehandler Booking: Sal av turar (t.d. charter, dagsprogram, til grupper og individuelle reisande) og kundebehandling, gjennomføring av bookingar og informasjonsdeling per telefon, e-post og chat.
  • Kundebehandler Tursal: Sal av turar og kundebehandling, service og informasjonsdeling over disk, samt over telefon, chat og e-post om naudsynt.
  • Kai og bussverter: Informasjon, billettering og vertskap ved kai og busstopp før og under avgang. Assistanse og kundeservice mellom avganger.

Fretheim hotel:

  • Resepsjon: Være ansikt utad og sørge for førsteklasses service til hotellets gjester. Arbeidsoppgaver: Inn- og utsjekk av gjester, reservering av rom, håndtere kassaapparat, markedsføre og selge aktiviteter i Flåm til hotellet sine gjester.
  • Kokk: Me søker fleire kokkar til Fretheim hotel og Toget cafè
  • Bakar: Flåm Bakeri.
  • Servicemedarbeider/servitør: Fretheim hotel, Flåm Bakeri og Toget cafè

Flåmsbanamuseet:

Vi har behov for fleire medarbeidarar i ulike periodar løpet av april-oktober. Ver venleg informer i søknaden om når i denne perioden du kan jobbe.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.