Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 450 millionar. Det er i dag 80 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst.

Digital Marknadsførar

Me utvidar no vår marknadsavdeling og søkjer ein engasjert og ambisiøs marknadsførar med hovudfokus på å styrkje vår PR- og kommunikasjonskompetanse. Hjå oss får du ei spanande stilling i eit framoverlent selskap med store vekstambisjonar. Du får arbeide med utfordrande marknadsoppgåver med hovudvekt på presse-og kommunikasjonsoppgåver.

I saman med dei andre i marknadsavdelinga skal du arbeide for at me styrker og utviklar vår posisjon som ein av dei leiande aktørane og kommunikasjonsavdelingane i bransjen.

ARBEIDSOMRÅDER:

  • Gjennomføring av digitale marknadskampanjar.
  • Optimalisere omsetnad på visitflam.com
  • Oppfølging av performance marketing tiltak. (SEO, SEM, Adwords mm.)
  • Distribusjon av nettstad.
  • Publisering på digitale plattformer.
  • Kontakt med digitalt mediebyrå.
  • Ansvarleg for sosiale plattformer/facebook
  • Bidra på lik linje med alle andre i avdelinga til å løyse marknadsrelaterte oppgåver utover kjerneområda.

 

ME SØKJER DEG SOM:

  • Har relevant utdanning innan marknadsføring og gjerne erfaring frå netthandel.
  • Har stor interesse og eller erfaring innan digital/performance marketing.
  • Beherskar Facebook for Business, Google Analytics – Adwords - Tagmanager.
  • Kommuniserer sikkert og tydeleg på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Er engasjert og løysningsorientert.
  • Kjennskap til Episerver CMS er ein fordel.

 

ME TILBYR:

  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode karrieremoglegheiter
  • Moglegheit til å jobbe med ein leiande aktør i ein veldig spanande og framtidsretta bransje.
  • Eit spanande og internasjonalt arbeidsmiljø.
  • Ei sentral stilling i ein avdeling med moglegheit til å påverke bedriftas utvikling.

 

Høyrest dette spanande ut? Malene, Peder, Nils Einar og Øyvind gler seg til å få ein ny kollega i marknadsavdelinga. Kanskje det er deg!

Oppstart: Etter avtale

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.