Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 450 millionar. Det er i dag 80 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst.

Ambisiøs leiar for våre butikkar

Flåm AS har ledig 100% fast stilling som leiar for våre butikkar innan Merchandise.

Me søkjer etter ein leiar som skal ha totalansvar for drift av våre butikkar innan Merchandise. I Flåm AS har me butikkar med unike konsept og produkt for å nå mål og forsterke minner for gjestene. 

Du er ein leiar som ynskjer å skape resultat og gode opplevingar for gjestene gjennom ditt leiarskap og fokus på kundeoppleving.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Ansvar for tilsette
  • Motivere og utvikle team
  • Fokusere på gode kundeopplevingar
  • Bestilling og mottak av varer
  • Vareplassering og estetisk utforming
  • Salsoppfølging og kostnadsstyring
  • Ansvar for omsetning og resultat

Me søkjer deg som:

  • Har relevant leiarerfaring
  • Skapar engasjement og tillit hjå dine medarbeidarar
  • Har erfaring innan sal og service
  • Er genuint opptatt av kvalitet og kundeservice
  • Vert motivert av økonomiske resultat
  • Trivest med varierte arbeidsoppgåver

 Det er eit krav at du må kunne norsk og engelsk munnleg og skriftleg, fleire språk vert sett på som ein føremon.

Me tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår og gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Tilsetting etter avtale.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.