Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 600 millionar. Det er i dag 120 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar i alle selskapa. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Controller

Me søker no etter deg som ynskjer å vera med å bidra til vekst og utvikling i eit lokalt selskap i konkurranse med dei store internasjonale turistmåla. Du ynskjer utfordringar i eit konsern med økonomiansvar for fleire selskap og avdelingar innan ulike bransjar, og du vil få eit utvida ansvarsområde og eit mangfald av oppgåver. Flåm AS har bygt opp bookingplattformen kring Visit Technology Group sin teknologiske løysing CityBreak. Me har eit auka behov for analyse, oppfølging og kontroll av avdelings- og selskapsregnskap. Me rapporter månadleg rekneskapstal til leiing og styret og du vil være en stor bidragsytar i dette arbeider. Avdelinga jobbar også tett saman med vår rekneskapsførar Azets på Voss.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss tilsette å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

I økonomiavdelinga vert du ein del av eit team på sju personar, som rapporterer til avdelingsleiar.

Som Controller må du ta ansvar for:

  • Månadleg avstemming av resultat- og balanseposter
  • Oppfølging og inndriving av kundefordringar
  • Oppfølging og analyse av rekneskap på avdelings-, selskaps- og konsernnivå
  • Utforming og videreutvikling av selskapet si løpande rapportering
  • Oppfølging og samarbeid med ekstern regnskapsfører

Ut over desse arbeidsoppgåvene er økonomiavdelinga involvert i mange ulike prosjekt i dei ulike selskapa og avdelingane, som t.d ERP og nye kassasystem (båtar, kundesenter, butikkar, osv.). I konsernet er det eit stort behov for oppfølging og analyse av nøkkeltall.

Som person må du kunne jobbe sjølvstendig, og samstundes ta ansvar for oppgåver i lag med kollegaer. Du må ha interesser innan system og IT, bruk av Excel er ein nøkkelkunnskap. Det er forventningar til at du som søker må ha relevant erfaring over fleire år.

Du vil i stor grad kunne vere med å påverke eiga karriere og utvikling.
Løn etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.