Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for og kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for vårt arbeid med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsynet med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Tilsynet held til i Førde, og har i dag totalt 73 tilsette.  For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.

IT-sjef

IT-sjefen vil ha det faglege ansvaret for IT-drift og IT-utvikling, og heile IT området er samla i Administrasjonen. Personalansvaret ligg hjå avdelingsdirektør. 

Driftsmiljøet består av ca 100 PC’ar (Windows 10), 88 virtuelle serverar i VmWare miljø, 7 MSSQL servere, Windows server 2012 r2 og Windows server 2016. Infrastrukturen er bygd opp med Cisco switcher i kjernenettet, Stonegate brannmurer, ADSF server mot interne servere og MinID, Direct Access og Meraki aksesspunkt, og vi brukar IVANTI RES workspacemanager.Vi har i drift ei SIEM løysing (Arcsight) og PRTG sensorer på servere. Vi køyrer elles Hybrid Office 365 og Sharepoint 2016.

Utviklingsmiljøet har ansvar for design, utvikling og forvaltning av eigenutvikla register og fagsystem, har ei sentral rolle i digitalisering av tenester og jobbar m.a. med løysingar for automatisering, multidimensjonal analyse, søketeknologi og ulike systemintegrasjonar. Systemutviklinga er prosjektorganisert etter Scrum- metodikken. Dei fleste løysingar blir laga i Java, men vi har og system utvikla i .NET (C#). Spring Framework er kjernerammeverket, både i C# og i Java. Vi brukar elles teknologiar som JUnit, Maven, Jira, Confluence, GIT, Pentaho, Elasticsearch og MSSQL-server. 

IT- sjefen er ei drivkraft i den vidare utviklinga av IKT i verksemda i samsvar med tilsynets mål og strategi. Du må kunne arbeide strategisk, og samstundes inneha ein operativ driftsleiarfunksjon.

Arbeidsoppgåver

  • IT-sjefen har fagansvar for IT-området (9 årsverk + lærling), og rapporterar til avdelingsdirektør. Vil og få ansvar for økonomi knytt til prosjekt.
  • Ansvar for realisering av tilsynets IKT- strategi.
  • Ansvar for utvikling, koordinering og drift av IKT- prosjekt.
  • Rådgjeving og fagleg utredning i samband med bruk av IKT i tilsynet (strategisk planlegging).
  • Skal representere tilsynet i ulike forum og møter m.m.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgare nivå innan IKT. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • God og relevant erfaring frå drift av IT miljø.
  • Erfaring med prosjekt og prosjekt leiing og god forståing for IT-utvikling generelt.
  • God teknologisk forståing i eit heilskapleg verksemdsperspektiv.
  • Erfaring frå omstillingsprosessar med innføring av ny teknologi er ønskeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.

Utdanningsretning

  • IT

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • Strategisk, målretta, strukturert og engasjert person med god erfaring frå drift av IT-miljø.
  • Sjølvstendig og initiativrik.
  • Nytenkande og utviklingsorientert.
  • Erfaring frå nettverks- og relasjonsbygging.
  • God til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar i ein hektisk kvardag.
  • Samarbeidsorientert - gode samarbeidsevner vert lagt vekt på.
  • Kompetanse og erfaring med kvalitetssikring, internkontroll, IT- og informasjonstryggleik.

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • nytt og moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift.

Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. IT- sjef vert løna som seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har seks månaders prøvetid.
 

Kontaktinfo

  • Bjørn Morten Øen - Fungerande direktør, (+47) 902 06 100
  • Siv Karin Hestad - Seniorrådgjevar HR, (+47) 992 84 325

Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.