Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for og kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for vårt arbeid med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsynet med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Tilsynet held til i Førde, og har i dag totalt 73 tilsette.  For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.

Avdelingsdirektør Lotteritilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal samle Lotteritilsynets to avdelingar, pengespel og frivillig, i ei avdeling - Lotteritilsynet. Vi søkjer etter ein motivert avdelingsdirektør med gode leiareigenskapar, som skal leie den nye avdelinga på eit fagområde i rask endring. Du vil få ansvar for 29 kompetente medarbeidarar (juristar, økonomar, samfunnsvitarar). 

Lotteritilsynet sitt samfunnsoppdrag er å førebygge speleproblem og bidra til å redusere negative konsekvensar av pengespel. I Norge er det Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel. Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel, er ei viktig oppgåve for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge. 

Avdelinga forvaltar óg den private lotterimarknaden, samt momskompensasjon og tilskot til frivillig sektor med 2,2 milliardar kroner årleg.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsdirektøren har personal, fag- og økonomiansvar for Lotteritilsynet, er med i Lotteri- og stiftelsestilsynet si leiargruppe, og rapporterer direkte til direktør.
  • Stillinga medfører mykje kontakt med overordna styresmakter, aktørar i marknaden, media, samt internasjonalt samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgare nivå.
  • Relevant leiarerfaring.
  • God digital leiarkompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.

Utdanningsretning

  • Administrasjon og leiing
  • Samfunnsfag
  • Juridiske fag
  • Økonomi

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein strategisk, målretta person med leiarerfaring som kan vise til oppnådde resultat. Du er ein samlande leiar som er flink til å motivere og inspirere. I tillegg er du ein god relasjonsbyggar med kommunikative evner og stor gjennomføringskraft.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå å leie medarbeidarar i endring.
  • Du må kunne representere tilsynet i ulike samanhengar både nasjonalt og internasjonalt gjennom møte, debatter og presentasjonar/foredrag, samt i media.
  • Kunnskap om og interesse for frivillig sektor, pengespel og lotteriområdet kan bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • nytt og moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift 

Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Avdelingsdirektør blir løna i stillingskode 1060. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har seks månaders prøvetid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo

  • Bjørn Morten Øen - Fungerande direktør, (+47) 902 06 100
  • Siv Karin Hestad - seniorrådgjevar/HR, (+47) 992 84 325, skh@lottstift.no

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.