Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri-og stiftelsestilsynet er et statlig organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet forvalter det norske lotterimarkedet, og kontrollerer statlige pengespill. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for 7200 norske stiftelser. I tillegg har Lotteri-og stiftelsestilsynet ansvar for ordningen med kompensasjon av merverdiavgift til det frivillige Norge. Tilsynet holdertil i Førde, og har i dag til sammen ca. 70 ansatte. For mer info, se www.lottstift.no

Engasjert medarbeidar med kompetanse i kommunikasjon

Lotteritilsynet søker etter ein engasjert medarbeidar som skal hjelpe avdelinga med å ha god kommunikasjon med interne og eksterne brukarar, bidra til moderne tilsynsarbeid og vere ein ressurs i sakshandsaming av forvaltningsoppgåver.

Arbeidsoppgåver
  • sikre god kommunikasjon mot eksterne brukarar
  • fasilitere samarbeid og deling av insikt og fagkunnskap internt og eksternt
  • saksbehandling innan Lotteritilsynet sine til ei kvar tid prioriterte oppgåver
Kvalifikasjonar
  • høgare utdanning innan kommunikasjon-, media-, - journalistikk eller samfunnsvitskap
  • erfaring med kunnskapsformidling
Personlege eigenskapar
  • Du har gode evner til sjølvstendig arbeid
  • Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre
  • Du har gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk og engelsk 
  • Du er positiv og samfunnsbevisst
  • Du er nysgjerrig og følger med på korleis verda endrar seg for å kunne tilpasse det vi gjer på ein god måte

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr
  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift
  • lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.

 

Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.