Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri-og stiftelsestilsynet er et statlig organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet forvalter det norske lotterimarkedet, og kontrollerer statlige pengespill. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for 7200 norske stiftelser. I tillegg har Lotteri-og stiftelsestilsynet ansvar for ordningen med kompensasjon av merverdiavgift til det frivillige Norge. Tilsynet holdertil i Førde, og har i dag til sammen ca. 70 ansatte. For mer info, se www.lottstift.no

IT-rådgjevar

Likar du å ta ansvar og vil arbeide i eit miljø som utviklar og endrar seg i høgt tempo?. Då er du kanskje den vi ser etter. Vi søkjer ein erfaren, sjølvstendig, engasjert og utviklingsorientert person til IT-drift. 

Det er ønskeleg med driftserfaring med Microsoft Office 365, Microsoft Intune og Azure, inkludert Azure AD. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal ha stabile og sikre IT-system med gode løysingar for våre brukarar både internt og eksternt.

Stillinga ligg i vår nye stabseining IT- og dokumenthandtering som totalt har 11 årsverk, og blir lyst ut som rådgjevar/seniorrådgjevar. Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • fagleg ansvar for IT-drift
  • drift og vidareutvikling av våre IT-system
  • internkontrollarbeid innan IT- og informasjonstryggleik
  • bidra til strategisk IT utvikling/digitalisering
  • oppfølging av leverandørar og avtaler
  • prosjektleiing

Kvalifikasjonar

  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelor- eller masternivå (realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning)
  • erfaring frå smidig prosjektleiing, spesielt innan digitaliserings- og moderniseringsprosjekt
  • kompetanse og erfaring med kvalitetssikring, internkontroll, IT- og informasjonstryggleik
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • du er strategisk, målretta og strukturert med god erfaring frå drift av IT-miljø
  • du er sjølvstendig og initiativrik
  • det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgjevar/seniorrådgjevar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen». Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.