Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.

Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no

Vi søker nytenkande økonom eller revisor

Er du ein engasjert revisor eller økonom? Då er du kanskje den vi leitar etter. Vi har to ledige stillingar som rådgivar/seniorrådgivar på avdeling for frivilligheitsstøtte.

Avdelinga har ansvar for ulike tilskotsordningar til frivillig sektor. Vi fordeler momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, både gjennom den alminnelege ordninga og ved bygging av idrettsanlegg. Vi forvaltar også krisepakkane/stimuleringsordningane for frivilligheita, og har ansvar for tilsyn med Grasrotandelen. I 2020 fordelte vi om lag 4,3 milliardar kroner til nær 33.000 organisasjonar. No treng vi påfyll av kompetanse.

Til den eine stillinga ønsker vi ein revisor/økonom med erfaring frå risikobasert kontrollarbeid. Til den andre ønsker vi ein revisor/økonom med gode Excel-kunnskapar. I tillegg til dei faste stillingane kan det vere aktuelt å tilsette nyutdanna i engasjement frå juni og ut 2021.

Vi er ein dynamisk og løysingsorientert gjeng på 15 personar, som gler oss til å få deg med på laget.  

Arbeidsoppgåver

For begge stillingane:

  • sakshandsaming, analyse og utviklingsarbeid på tilskotsområdet
  • utgreiingsoppgåver
  • rådgiving

For stillinga med risikobasert kontrollarbeid

  • risikovurdering og vidareutvikling av internkontroll


Kvalifikasjonar

For begge stillingane:

  • master i rekneskap og revisjon/økonomi. I særskilte tilfelle kan anna relevant bakgrunn bli vurdert
  • erfaring med handtering /analyse av store datamengder
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

For stillinga med risikobasert kontrollarbeid

  • erfaring med risikovurdering


Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, strukturert og analytisk
  • Du er samarbeider godt med andre
  • Du er sjølvstendig, nytenkande og initiativrik


Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • positive og engasjerte kollegaar med stor interesse for fagområda sine
  • gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.


Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen». Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.