Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.

Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no

Vi søker sommarvikarar for 2022

Vil du bruke sommaren til å få nyttig, fagleg praksis? Lotteri- og stiftelsestilsynet skal tilsette fem sommarvikarar i 2022.

Vår avdeling pengespel tilbyr sommarjobb til to studentar som er godt i gang med juridisk, samfunnsvitskapleg eller økonomisk utdanning. Pengespel har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og for arbeidet med marknadskontroll, speleåtferd og kampfiksing. Vidare forvaltar pengespel den norske lotterimarknaden. Her vil ein mellom anna med jobbe med domsregisteret vårt.

Avdelinga vår for stiftelsar tilbyr sommarjobb til to jusstudentar som er på minst 4. året. Avdelinga har tilsyn med norske stiftelsar, og samfunnsoppdraget er å skape tillit og tryggleik til stiftelsesforma gjennom aktivt tilsyn, rettleiing og informasjon.

Avdeling for frivilligheitsstøtte tilbyr sommarjobb til ein student som er i gang med med juridisk eller økonomisk utdanning. Frivilligheitsstøtte har ansvar for å forvalte tilskotsordningar til frivillig sektor. Blant anna momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, støtteordningar for frivilligheita i samband med koronapandemien og speleoverskotet frå Norsk Tipping. 

Gjennom ein sommarjobb hos oss vil du få praksis og innsikt i våre spennande fagområde, samt erfaring frå offentleg forvaltning.

Vi ønsker vikarar som kan jobbe sommaren 2022, men vi er fleksible på tidsperiode. 

Her kan du lese om korleis tidlegare sommarvikarar har hatt det hos oss: 
Sommarvikarane i 2020: – Mykje å hente fagleg og engasjerte kollegaer

Martin Skrede var ein av sommarvikarne våre i 2021. Les hans 
blogg om kva rolle stiftelsar spelar i Norge.

Arbeidsoppgåver

  • Enklare saksbehandling
  • Skriftleg og munnleg brukarkontakt
  • Andre oppgåver etter avtale 

Kvalifikasjonar

  • Mastergradsstudent innan jus, samfunnsvitskap eller økonomi (pengespel og frivilligheitssøtte)
  • Mastergradsstudent innan jus (stiftelsar)
  • God skrifteleg og munnleg formuleringsevne

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og strukturert 

Vi tilbyr

  • Stort fagmiljø, med breitt samansett kompetanse og erfaring.
  • Godt innarbeidd sak/arkivsystem, og gode rutinar for opplæring.
  • Moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, mellom anna med eige treningsrom og kantine.