Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Barnevernkonsulent

Barneverntenesta har ledig 100 % vikariat som barnevernkonsulent frå 01.06.18.

Barneverntenesta er organisert under seksjon  for Oppvekst i Naustdal kommune.

Stillinga er tillagt sakshandsaming etter Lov om barneverntenester. Barneverntenesta samarbeider med Forandringsfabrikken og Barnevernproffane i metodeutviklinga «Mitt Liv».

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum 3-årig høgskuleutdanning som barnevernspedagog eller sosionom.
  • Anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast.
  • Ønskjeleg med erfaring frå barnevernsarbeid.

Det vert vektlagt personleg eignaheit, som relasjonskompetanse, samarbeidsevne, evne til å motivere for endring, arbeidskapasitet, skriftleg og munnleg framstillingsevne, samt barnevernfaglege vurderingar.

Søkjar må ha førarkort.

Vi kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med fokus på tverrfagleg og samordna tenestetilbod til barn og unge i kommunen.

Nærare opplysningar om stillinga vert gjeve av barnevernleiar Monica Loen- Grov, telefon 458 79 169.

For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Søknad med CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6 , 6817 Naustdal eller til

Søknadsfrist 20.04.18

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.