Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Arkivar

Naustdal kommune søkjer arkivar i 100 % engasjementsstilling for eitt år. Oppstart snarast.

Arkivaren vil få som hovudoppgåve å oppdatere kommunen sin arkivplan og delta i ordning av arkivmateriell som skal overførast til fylkesarkivet.  Stillinga vil vere knytta til servicekontoret med avdelingsleiar som næraste overordna. 

Søkjar bør ha minimum 2 års relevant utdanning på høgskulenivå og god kunnskap om arkiv, IKT og dokumentasjon.  Erfaring frå post/arkivarbeid i offentleg forvaltning og kunnskap om gjeldande lovverk.  Gode norskkunnskapar, båd e muntleg og skriftleg.  Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.

Stillingsinnehavar må kunne ta initiativ og arbeide sjølvstendig.  Du må vere systematisk, strukturert og nøyaktig.  Ha gode samarbeidsevner og kommunisere tydeleg. 

Vi tilbyr ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.

Tilsetjing skjer etter gjeldande lover,  reglement og tariffavtaler.  Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avd.leiar Oddlaug Indrekvam, tlf. 57 81 61 03 eller kommunalsjef Rolf Kalland, tlf. 57 81 61 21.

Søknad sendast til: eller Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Søknadsfrist:  25. april 2018.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.