Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Seksjonsleiar teknisk drift og forvaltning - engasjement til 01.01.2020

Stillinga er tillagt ansvar for drift, utvikling og forvaltning av kommunale vegar og VVA- anlegg og byggforvaltninga, med leiing av uteseksjon og vaktmeisterstab med til saman 7 tilsette. Seksjonsleiar skal ha ei aktiv rolle for å utvikle og systematisere fagområda, planlegge/styre større og mindre prosjekt og ha dagleg oppfølging og administrasjon av eigne tilsette og innleigde firma for gjennomføring av prosjekt.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning på høgskulenivå/bachelor, teknisk fagskule eller administrativ utdanning med tilleggskompetanse innan teknisk forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring frå kommune/annan offentleg eller privat verksemd innan fagområda

Personlege eigenskapar

  • God evne til å arbeide i team, delegere ansvar og utvikle medarbeidarar og system/rutiner
  • Resultatorientert og systematisk
  • Evne til å takle ein mangfaldig kvardag og samstundes arbeide målretta med planar/prosjekt

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Vi kan tilby:

  • Faglege utfordringar i ein jobb med potensiale for personleg utvikling som leiar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

For stillinga gjeld vanlege kommunale arbeids- og tilsetjingsvilkår. For meir opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med rådmann Øyvind Bang-Olsen tlf. 41 53 01 11 eller kommunalsjef Ørjan Stubhaug, tlf. 90 99 96 76.

Søknad med CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende Naustdal kommune på eller Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Søknadsfrist: 25. juni 2018.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.