Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Assisterande rektor ved Naustdal skule

Frå 01.08.2019 er det ledig 100 % stilling som ass.rektor/avdelingsleiar for ungdomstrinnet ved Naustdal skule. Stillinga er delt mellom leiingsressurs og undervisning, med hovudtyngd på leiing. 

Naustdal skule (NBU) har 366 elevar frå 1. til 10. trinn, 57 elevar ved SFO og kring 70 tilsette. Skulen har nye, flotte lokale med attraktive uteområde i tilknyting til hall og idrettsanlegg, sentrumsfunksjonar og fjord og fjell.

Skulen driv aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid. Vi har særleg fokus på vurdering for læring og inkluderande skulemiljø. Implementering av fagfornyinga og god bruk av teknologi til læring og til effektiv drift, vil vere sentralt i åra som kjem. Frå 01.01.20 blir Naustdal del av Sunnfjord kommune, og vi er godt i gang med nettverksbygging og samarbeid for å førebu ny organisering av skulesektoren etter kommunesamanslåinga.

Meir informasjon om skulen finn du på: www.nbuskule.no

Om stillinga

Assisterande rektor/ avdelingsleiar for ungdomstrinnet er ein av tre avdelingsleiarar som saman med rektor har det heilskaplege ansvaret for drift og utvikling. Hovudansvaret i stillinga vil vere knytt til ungdomstrinnet. Andre fellesoppgåver vert fordelte i leiinga.

Sentrale arbeidsoppgåver er:

  • Utviklingsarbeid
  • Timeplanlegging
  • Dagleg disponering og rettleiing av tilsette
  • Skulemiljø og elevsaker
  • Samarbeid med skule- og kommunenivå

Formell kompetanse
Det er krav om at søkjarane har undervisningskompetanse, fortrinnsvis for ungdomssteget. Det er ønskeleg med leiingskompetanse, leiarerfaring og erfaring med bruk av teknologiske verktøy til både samhandling og læring.  

Eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Motiverande og tydeleg leiar
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT

Søknad sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal eller på epost til .  Du skal og opplyse om referansar i søknad. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og referansar vert kontakta.

Den som vert tilsett må vise fram politiattest.

Om du ønskjer meir informasjon om stillinga ta kontakt med rektor Gunn Marit Haugsbø tlf: 57 81 63 00 / 45 61 01 09    

 

Søknadsfrist: 10.03.2019.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.