Naustdal Kommune

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Kommunen har vel 2700 innbyggarar og er om lag 370 km2 stor. Kommunen har ca 94 km kommunal veg og har vedteke ulike investeringsprosjekt for vegane m.m. for ca 5,5 mill kr.

Vikariat fastlegeheimel i Naustdal

Naustdal legekontor har 4 fastlegar og 1 turnuslege. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Legekontoret nyttar per no System X som journalsystem. 1.1 2020 slår Naustdal kommune seg saman med Gaular, Jølster og Førde og vi vert då ein del av legetenesta i Sunnfjord kommune.

Fastlegeheimelen er fastløna i 60% stilling kor 10% er knytta til helsestasjonen. Det er 360 pasientar på denne lista. Heimelen er ledig frå 1. desember 2019 til  15. august  2020. Det er mogleg med vidare engasjement i Sunnfjord kommune etter avslutta vikariat. Om ein ynskjer å utvide denne stillinga, kan det vere aktuelt å jobbe på daglegevakt ved Førde legesenter i tillegg.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 9 kommunar. Legevakta er lokalisert til akuttmottaket ved Helse Førde og har ansvar for legevakt, KAD-sengar og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 18-delt vakt. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkjaren er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevne og snakkar/skriv godt norsk. Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Arbeidsstad: Naustdal legekontor

Kontaktpersonar:  Knut Erik Folland,  Einingsleiar  legeteneste tlf: 91882662, kef@forde.kommune.no

Arne Bjørnetun,  Kommuneoverlege  Naustdal tlf:  97574480, arne.bjornetun@naustdal.kommune.no

Søknad sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal eller til postmottak@naustdal.kommune.no.

Søknadsfrist: 24. november 2019

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.