Norad

Norad er Noreg sin fagetat for utviklingssamarbeid. Ved å kombinere fagkompetanse og god bistandspraksis, i samarbeid med dei fremste norske og internasjonale miljøa innan utviklingssamarbeid, arbeidar vi for bærekraftig utvikling i ei verd utan fattigdom. Vi bidreg til utforming av utviklingspolitikken på ein måte som gjer at bistandsmidlane blir brukte der dei gir best mogeleg resultat.

Våre 240 medarbeidarar gir faglege råd, forvaltar bistandsmidlar, bistår med kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, sørger for uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådde, frå våre lokaler sentralt i Oslo. Administrativt er vi underlagt Utanriksdepartementet. Når det gjeld oppfølging av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ rapporterar vi til Klima- og miljødepartementet. Vår ekspertise og våre råd skapar kunnskapsgrunnlag for vegvalga i norsk utviklingspolitikk.

Rådgivar/seniorrådgivar - Skatt for utvikling

Vil du bidra til effektive skatteløysingar i utviklingsland? 

Skatt for utvikling (Sfu) er eit bistandsinitiativ som skal bidra til meir effektiv nasjonal ressursmobilisering i utviklingsland. Initiativet er eit sentralt element i norsk utviklingspolitikk, arbeidet med berekraftmåla og spesifikt ambisjonane under Addis Tax Initiative (ATI) fram mot 2020.

Dei norske forpliktingane i ATI inneber ei betydeleg opptrapping av skatterelatert bistand dei neste åra, frå 44 millionar kroner i 2017 til minst 260 millionar kroner i 2020. Dette vil skje ved ulike samarbeid og tiltak både bilateralt og multilateralt, samt med akademia, sivilsamfunn og privat sektor.

Arbeidet omfattar både skattepolitikk og -administrasjon, samt arbeid med internasjonale og nasjonale skattespørsmål i den grad desse påverkar skattegrunnlaget i utviklingsland. Innsatsar vil kunne gå på tvers av individuelle sektorar og tema. Det vil vere naturleg å samarbeide tett med relevante aktørar og tiltak innan økonomisk styresett, anti-korrupsjon, ulovleg kapitalflyt og fagleg bistand.

Sfu er organisatorisk plassert under Kunnskapsbanken i Seksjon for kunnskapsprogrammer (SKP). Fagleg samarbeid og kapasitetsutvikling vil stå sentralt i Skatt for utvikling, og ein nyleg inngått femårig avtale med Skattedirektoratet vil vere eit hovudelement i arbeidet i prioriterte land for norsk bistand.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere

  • Forvalte tilskotsavtaler under Sfu (multilaterale, bilaterale og andre)
  • Bistandsfagleg kvalitetssikring av skatterelatert arbeid med ulike partnarar (internt og eksternt)
  • Integrere analyser knytt til skatt i Norad, UD og ambassadane sitt faglege og strategiske arbeid
  • Utarbeide styringsdokument for vidare institusjonalisering av Sfu (programdokument, resultatrammeverk og mandat for rådgivande komité)
  • Kommunikasjon og rapportering om Sfu sitt arbeid på nettside, i sosiale medium, samt ved presentasjonar og følgjeforsking
  • Planlegge og gjennomføre konferansar, seminar og møter
  • Kjøpe inn eksterne tenester knytt til Sfu sitt arbeid
  • Utstrakt kontakt med norske og internasjonale aktørar innan skatterelatert bistandsarbeid
  • Representere Norad i ulike relevante fora
  • Andre oppgåver kan bli pålagt
  • Noko reiseverksemd kan påreknast

Vi ser etter følgande faglege kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning krevs, minimum mastergradnivå
  • Kunnskap om og/eller erfaring med skatterelaterte spørsmål er eit krav
  • Relevant erfaring frå norsk og internasjonal bistand vert tillagt vekt
  • Erfaring frå prosjektarbeid og utvikling av nye initiativ er ønskeleg
  • Interesse for bruk av teknologi og data for å auke effekt av tiltak er ønskeleg
  • God språkføring på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg er nødvendig
  • Høgere økonomisk utdanning kreves, minimum mastergradsnivå

Vi ser etter deg som:

  • har stor arbeidskapasitet, er resultatorientert og har analytiske evner og engasjement
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team, samt har god rolleforståing
  • tenker kreativt på tvers av fagdisiplinar
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har evne til å tileigne seg, systematisere og formidle fagleg kunnskap i internasjonale og nasjonale miljø, samt å representere Norad og Sfu-programmet på ein god måte i ulike fora

Vi tilbyr:

  • Interessante og varierte oppgåver i eit stimulerande og triveleg miljø
  • Brei kontaktflate i relevante fagmiljø
  • Anledning til å arbeide innan eit profilert fagområde med dyktige medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • IA-organisasjon
  • God pensjonsordning og moglegheit for gunstig bustadfinansiering gjennom Statens pensjonskasse

Tilsetjinga er eit vikariat tom 31.august 2020, plassert i stillingskode rådgivar 1434 (motsvarande lønstrinn 50-65) eller seniorrådgivar 1364 (motsvarande lønstrinn 60-80), og blir lønna frå kr 437 000 - kr 790 000 . Innplasseringa skjer med bakgrunn i ei vurdering av søkars kompetanse og erfaring.

Norad er opptatt av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte søkarar til søkje hos oss, uavhengig av alder, kjøn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Elektronisk kopi av vitnemål og attestar må leggast ved søknaden. Vi ber søkarar som blir innkalla til intervju om å ta med originaldokumenta.

Opplysningar om stillingen kan du få ved å kontakte fagdirektør Olav Lundstøl (+4746516008) i Skatt for utvikling eller Tale Kvalvaag (+4741126424) , leder av Kunnskapsbanken. For opplysningar om prosessen kontakt seniorrådgiver ved Personalseksjonen Lene Tjøtta (+4741126835).

 

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.