Nortura SA logo

Naudslaktar Hordaland

Då vår naudslaktar i området ynskjer å trappe ned ein del, søkjer me etter ein person som kan overta aktiviteten.

Primærområdet vil bli Osterfjorden/Nordhordlandsbrua i sør, Voss i aust og Sognefjorden i nord.

Samarbeid med andre naudslaktarar er viktig.

Naudslakta skal slaktast på Nortura Førde eller Nortura Sandeid, alt etter kvar det er mest hensiktsmessig.

Me ser for oss ein turnus på 10 dagar og deretter 4 dagar fri.

Me søkjer etter ein person som:

  • har interesse for slaktarfaget
  • likar å køyre bil
  • likar å kommunisere på ein god måte med våre eigarar/bønder
  • er serviceinnstilt og klarar å halde humøret oppe sjølv i travle tider

Du må ha/vere villeg til å ta førarkort for liten lastebil.

Dersom du er den rette personen for jobben, men ikkje har tilstrekkeleg kunnskap i faget, vil me gi om nødvendig omfattande opplæring.

Lønn etter avtale.

Spørsmål om stillingen kan rettes til
Britt Randi Stokkevåg, mob: +47 970 85 355
Eivind Fonn, mob: +47 901 53 874

Søknader mottas kun elektronisk.
Klikk på send søknad linken under for å søke på stillingen.

Søknadsfrist: 27.november 2017

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.