Nortura SA

Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge.

Nortura Førde slakter, skjærer og stykker kjøtt fra småfe og storfe samt slakter gris.

Elektriker

Då ein av våre tilsette går over i ny stilling, ser vi etter elektriker i 100 % stilling ved vårt anlegg i Førde. Stillinga inngår i teknisk avdeling og rapporterer til teknisk sjef. Arbeidstida er primært på dagtid, men enkelte oppdrag må utførast utanom ordinær arbeidstid. I haustsesongen kan arbeidstida avvike frå elles i året.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak:

  • Forebyggande vedlikehald elektroanlegg knytt til bygg og produksjonsutstyr
  • Vedlikehald på elektroanlegg knytt til bygg og produksjonsutstyr
  • Sikre høg oppetid på dei aktuelle tekniske einingar
  • Delta i forbetringsarbeid


Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagbrev gruppe L, automasjonsfagbrev, eller kjølemaskinist kunnskap
  • Relevant erfaring frå industrianlegg (faller frå ved tydeleg ønske om å tilegne seg ny kunnskap)
  • Erfaring med bruk av PC i jobbsamanheng
  • Gode norsk-kunnskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt haldning
  • Positiv til å tileigne seg ny kunnskap
  • Gode samarbeidsegenskapar

- og at du er positiv, påliteleg, målretta og nyskapande


Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Gunstig pensjon- og forsikringsordning
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Kantine og treningsrom
  • Medlemsbutikk
  • Moglegheit for å bli med i teknisk vakt

Den som blir ansatt må gjennomgå konsernets HMS- og hygieneopplæringskurs.