Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Sinnes og Tonstad.

Ledige stillingar ved grunnskulane i Sirdal

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Sinnes og Tonstad.

Ved Tonstad skule har vi følgjande ledige stillingar

1. Vi har ledig inntil 100% svangerskapsvikariat frå 04.12.17 til 31.07.18. 
Frå 01.08.18 er det mogleg med ei forlenging av vikariatet i 50% inntil permisjonen går ut.

For stillinga gjeld krav i.h.h.t. opplæringslova om undervisningskompetanse for 1.-7.trinn.
Fagønske: norsk, engelsk, kroppsøving, krle og samfunnsfag

2. Vi har og ledig 50% vikariat som pedagog i SFO, ut skuleåret 2017/2018, med start snarast mogleg.

Stillinga har ansvar for å planlegging av det pedagogiske tilbodet, samt gjennomføring av dette.
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i SFO.
 

For stillingane gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen.

Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, fortrinnsrett etter HTA eller ved overtal.

Vi ber om elektronisk søknad via Sirdal kommune si heimeside, www.sirdal.kommune.no, trykk på "send søknad" nederst på denne siden.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden. Desse ber vi deg om å ta med på eit ev. intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

Menn blir oppfordra til å søkja.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Rektor Tonstad skule, Grethe Sole, tlf. 38 37 92 67 /mobil: 945 10 264

Søknadsfrist: 24.oktober 2017

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.