Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Sinnes og Tonstad.

SFO-leiar Tonstad skule - vikariat

Ledig 70% vikariat som SFO-leiar på Tonstad skule 2018-2019.

På jakt etter ein spennande jobb der du kan bruke dine kreative eigenskapar?
Då er dette jobben for deg!

Vi søker etter ein person med pedagogisk høgskuleutdanning.

SFO-leiar må:

  • vere løysings- og utviklingsorientert.
  • kunne arbeide sjølvstendig, og ha fokus på informasjon og service til dei føresette.
  • legge planar og ha ansvar for leksehjelp og den daglege drifta i SFO.
  • vere ein tydeleg leiar som kan motivere personalet.
  • ha stor innsatsvilje og godt humør.
  • ha god IKT-kompetanse.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Menn oppmodast til å søkje.
Stillinga er delt i 40% administrasjon og 30% til stades blant barna.

Vi tilbyr:

  • Eit inspirerande arbeidsmiljø med gode faglege og personlege utviklingsmulegheiter.
  • Løn og vilkår etter avtaleverket.

Vi ber om elektronisk søknad via Sirdal kommunes heimeside. Lenke til søknadskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=2675&externalId=1046

Det skal ikkje sendast med vitnemål og attestar. Det ber vi deg ta med på evt. intervju.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Grethe Sole på tlf. nr 94 51 02 64

Søknadsfrist: 7. mai 2018

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.