Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad, samt vaksenopplæring på Tonstad.

2.gangs utlysing Ledig stilling ved grunnskulane i Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Tonstad.

Det er ledig stilling ved Tonstad skule:

  • 100% vikariat frå ca 24.02.2020 – 31.07.2021

Tonstad skule er ein fulldelt skule med om lag 200 elevar.  Opplæringsmålet er nynorsk.

Kompetanse:

Vi søkjer lærarar med godkjent utdanning som grunnskulelærar/allmennlærar.

For stillingane ønskjer vi søkjarar med undervisingskompetanse for 1.-7.trinn.

Kommunen ønskjer søkjarar med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse, som er utviklingsorienterte og er opptatt av relasjonsbygging. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. 

For stillingane gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. 

Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.

Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.

Vi ber om elektronisk søknad via Sirdal kommune si heimeside, www.sirdal.kommune.no

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden. Desse ber vi deg om å ta med på eit ev. intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:
Rektor Tonstad skule, Elisebeth Åvesland, mobil: 412 14 394

Søknadsfrist: 27.januar 2020

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.