Flåm AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Det er for tiden ingen ledige stillinger