Siderhuset Ola K

Siderhuset Ola K ligg på Nå i Hardanger, mellom fjord og fjell. Siderhuset vart etablert våren 2021 som eit supplement til det dei fantastiske siderprodusentane i regionen har skapt dei siste åra. Siderhuset ligg midt i Nordens siderparadis!

Husets historie byrjar heilt tilbake i 1912, då bygd som ein praktisk anlagd landhandel der dei lokale kunne handle sine varer, sende og hente post. Ikkje minst fungerte huset som ein samlingsplass.

100 år seinare er huset igjen ein naturleg samlingsplass, der me tilbyr mat av ypparste kvalitet med skiftande menyar og inspirasjon henta frå Noregs fruktfat, Hardanger.

Me har eit rikt utval av vin og ikkje minst sider. Me har ein sider for ein kvar gane, alt frå tørr til sødmeprega musserande og vidare via blandingssider og over i dei meir intense is-siderane, alle kjenneteikna av ei syrefriskheit.

Jobber fra Siderhuset Ola K

Sommer kokk i Hardanger
Kokk
Norge/ Vestland
Hotell, Restaurant og Reiseliv -> Restaurant og kjøkken
Utløpsdato: 30 apr 2024